fredag 14. september 2012

Tjørebrenning


I den første økta med Kunst & Handverk vart vi delt inn i gruppe på 4. Gruppa mi fekk oppgåva med å brenne tjøre av tyrived eller kjerneved av furu. Vi brukte kjerneved og "grytemodellen" for å utvinne tjøra.

Utstyr:

                    Kjerneved av furu
                    Øks
                    Tom hermetikkboks
                    Tom blekkboks med lokk
                    Ved
                    Avispapir
                    Fyrstikker
                    Spade
                    Stein
                    Sand/jord
                    Bøtte
                    Vatn

Framgongsmåte:

  • For å få fram tjøren frå furua, må ein først ta eit stykke frå kjerna på furutreet. Dette gjer ein ved å ta eit stykke av trestamma, måle opp og sage av slik at biten har same lengda som ei passe stor hermetikkboks. Deretter må ein sage stykket i fire delar slik at ein lett kan hogge stavar ut av kjerna som er midt inne i stamma. Fyll boksa med stavar slik det vert minst mogleg oksygen inni, etterfyll gjerne med mindre stavar om ein ser tomrom.
  • Grav så eit hol i bakken på ein brannsikker stad, helst i nærleiken av ei elv. Holet må vere so djupt at ei litt større blekkboksa får plass ned i. Midt på lokket må det vere eit spikarhol som tjøra frå hermetikkboksa kan renne fritt nedi. Ein må passe på at boksa står beint, før ein tettar godt til med jord/grus.
  •  Legg steinar med litt størrelse på, rundt blekkboksa i ein passe stor sirkel, slik at det blir ei flate å bygge bål på.
  •  Snu hermetikkboksa oppned over holet på blekkboksa som står i jorda, slik at opninga er ned. Tett att med sand og jord rundt hermetikkboksa slik at det ikkje kjem oksygen inn. Dette er fordi stavane ikkje skal ta fyr inne i boksa.
  • Lag eit bål rundt boksa og husk å fyll på med ved slik det heile tida har god varme. La det brenne i ca 1,5 time.
  •  Sløkk bålet varsamt slik at det ikkje kjem vatn ned i blekkboksa der tjøra er.
  • Fjern resten av veden og hermetikkboksa og børst varsasmt vekk sanden som dekker blekkboksa.
  • Grav den så opp og fjern lokket varsamt. Ein skal no kunne sjå tjøre som har blitt utvunne frå furustavane.


Prosessen i bilete:


Her har vi fylt hermetikkboksa med stavar som vi har høgd ut ifrå furuveden.  


Her har vi snudd hermetikkboksa oppned på blikkboksa, og vi har tetta godt med sand over blikkboksa og rundt opninga på hermetikkboksa. 

Dette bilete er teke etter bålet er tent. Småved innst og større ytst. 
Her er bålet sløkt og vi har plukka vekk  veden. 

Biletet viser korleis det skal sjå ut når prosessen er ferdig. Sidan vår prosess ga minimalt med tjøre, valgte vi å vise eit bilete som viser korleis det skal sjå ut.

Erfaring:

Vi lærte at det går med mykje meir ved enn ein trur når ein skal halde bålet varmt over så lang tid. Det var veldig varmt å stå nært bålet så det var ei utfordring å leggje på meir, men vi klarte likevel å halde bålet brennande i ein og ein halv time. Til tross for at vi fulgte oppskrifta blei ikkje resultatet som venta, vi fekk minimalt med tjøre. Ein grunn til dette kan vere mangel på harpiks i furustykket. Det kan vere at vi vart lurt av tyngda på trestykket som viste seg at det hadde ein del fuktigheit i seg istaden for harpiks.

Refleksjon:

Det er fleire grunnar til at denne oppgåva har relevans for oss som lærarar i grunnskulen.
  1.  Fordi den er tverrfagleg og kan koplast til både samfunnsfag, naturfag og kunst og handverk. Metoden vi har brukt for å få ut tjøra er historisk og kulturell, og ein får sjå og lære kvar tjøra kjem i frå. Det er ikkje berre noko ein får kjøpt på butikken. Tidlegare har tjøra vore brukt til å beise hus, i hovudsak i innlandet. For nokre var det å utvinne tjøre eit halvtårs arbeid og dei reiste til kysten for å bytte til seg fisk mot tjøra. Sidan dette skjer i naturen og ein brukar mange ingrediensar frå naturen, kan ein også knytte denne oppgåva til naturfag. I kunst og handverk vert det relevant fordi ein lagar eit produkt og endrar tredet sin struktur. Barn i småskulen har som regel glede og nytte av å sjå kor eit produkt eigentleg kjem i frå og korleis det vert framstilt.
  2.  Fordi den er knytt opp til kompetansemåla:
  • I kunst og handverk skal ein oppleve gleda med å skape og meistring. På tredje til fjerde årstrinn skal eleven kunne «bruke enkle hensiktsmessige håndverktøy i arbeid med leire, tekstil, skinn og tre» (LK06). I denne oppgåva brukte vi øks for å dele furustykket, noko som elevane kan få prøve å håndtere sjølve, sjølvsagt under nøye oppsyn av vaksne, og dermed er delar av dette kompetansemålet nådd. Ein tredje og fjerde klassing skal også kunne å «planlegge og lage enkle bruksgjenstander» og «undersøke, visualisere og presentere hvordan enkle bruksgjenstander har fått sin form, fra ide til ferdig produkt» (LK06). Tjøre er ein bruksgjenstand som blir brukt til å smøre inn hovudsakleg båtar og hus med, istaden for maling og beis. Ved å la elevane vere med på prosessen med tjørebrenning, i tillegg til å undervise om historien bak er disse kompetansemåla nådd.
  • I naturfag skal elevane i tredje og fjerde klasse kunne «gjennomføre forsøk som viser at stoffer kan endre karakter når de blir utsatt for ulike påvirkninger» (LK06). Gjennom denne prosessen får elevane sjå at sevja i tredet blir til tjøre og dermed skiftar form. Elevane i første og andre klasse skal «delta i ulike aktiviteter ute i naturen og fortelle om det som er observert» (LK06). Her kan dei fortelje om det som har hendt med tredet og korleis ein lagar eit bål. 
  • I samfunnsfag skal elevane i femte til sjuande klasse kunne «forklare sammenhenger mellom naturressurser, næringer, busetnad og levevis» (LK06). Ved å utføre denne oppgåva, kan eleven sjå samanhengen mellom korleis ein framstiller tjøre og kvifor ein brukte dette produktet mykje i innlandet tidlegare.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Litteraturliste:

- Saabye, Malin (red) (2008) Kunnskapsløftet, fag og læreplaner i grunnskulen. Oslo. Pedlex. Norsk Skoleinformasjon.